Prosjektet Duen-naustet.

Dette naustprosjektet starta eigentleg med ein gammal notbåt. Den tidlegare førings- og kyrkjebåten Duen vart forsøkt teken vare på av eit interesselag.
Det var ein staseleg 27 fots båt, bygd i Sørfjorden ein gong mellom 1850 og 1880. Det viste seg at arbeidet med restaurering og vedlikehald var meir omfattande enn stiftinga greidde med, og båten vart overført til andre.
   

I mellomtida, ca 1998, vart det starta bygging av eit naust til båten, etter modell av gamalt grindnaust. Her er det snakk om gamal byggeskikk utan spiker. Dette naustet blei etter kvart plassert inst i båthamna. I 2013 kosta båtlaget shingel på taket med tanke på at naustet etter kvart skal bli tett og brukande til lager og opphald.


Her er Geir inne i naustet og grev ut for drenering og støtte av steinane i bakkanten. Dei ligg på blåleir og det er ikkje stabilt.






Her er det gjort klar for støyping av støttekant mot bakmuren. Samtidig er det drenert ut.





Så har bakveggen fått ei solid støtte og ein er klar til å støypa i bakre delen av langveggene. Dette blir bra.
Haldor er igang på "loftet", der vil vi få eit låsbart lagerrom.    Kanskje tilogmed eit lite møtelokale slik at vi slepp å leiga oss inn hos andre for styremøter og slikt.
Vinter og vår 2015 har det skjedd mykje utvendig som ein ser. Nå er det drenering på baksida som skal til før ein kan starta å leggja golv inne. (Det er Olav, naboen, som flaggar. Dette er konfirmasjonssøndag!)