Prosjekt sjøbuer/mudring.

2008 Etter at vi var ferdige med ny flytebrygge gjekk vi laus på eit prosjekt for å utnytta den ganske evjete "stranda" inst i hamna. Her var tanken å reinska opp, kanskje få ein langsgåande kai, og i tillegg sjå om det var interesse for nokre medlemmer å få si eiga sjøbu til utstyr. Området er i blåleir som ikkje er trygg byggegrunn og dobbel spunting blei tilrådt.

Fredag 27. juni: Mykje er spunta ferdig. Dei to rekkene skal danna ein "såle" for vidare arbeid. Vegvatnet er ført ut og Audun har laga seg ei ekstra arbeidsplattform for å kunna mudra lenger ute. Dette ser lovande ut. Nå er det å fylla oppi!
 

Så er overflata jamna og betongblokkene frå Ølen betong kan leggjast ut.


Det ser etter kvart mykje betre ut.
Nå skal det støypast og lagast trekai utom og litt lågare enn betongblokkene. Seinare dannar blokkene såle for
bodene som kjem i neste omgang.

Kaiklar
Siste dag i 2009! Forbindelsen mellom den nye kaien og berget er sikra forlengst, og nett før snøen kom nå i desember blei gamle straumpålar dunka ned for å vera med og danna fundament for trekaien utanfor blokkene. Nå kan våren komma!


Slutten av mars 2010 - ting skjer!!

Under knappen for "Dugnad" ser du
fleir foto frå prosjektet.
Bodene
17. September, det er tid for kranselag.


I Duen-naustet, pizza og kake. Dette grindanaustet blir neste prosjekt.

"Naustkaka"





12.oktober
Her ser vi at i mars 2012 er det nye straumhuset komme på plass - og det er jammen silda og!!! Mai 2014
Mai 2014
MUDRING
I nokre år har vi hatt ein plan om å mudra. Etter å ha hente inn tilbod på ulike løysingar, og løyve til deponering,  fall valet på "Evjegris", ei stålskøyte med grabb ombord.
Etter påske 2019 blei jobben gjort.