Vi er svært glad for å ha gjestebåtar i hamna vår, og prøver å leggja til rette slik at dei ligg trygt. Som biletet viser har vi plass til 2/3 større båtar heilt ute i steinkaien, og nokre båtar heilt inne. Ved spesielle arrangement (festival/konsertar) ryddar vi til og med vekk nokre av våre eigne båtar for å gje plass i båsane. Då vil du og få hjelp til plassering. Til vanleg er derimot alle våre plassar i bruk, og vi bed deg derfor nytta gjesteplassane.
Prisar: Pr. døgn med/utan straum : Kr. 150.-
Spesialarrangement (Festivalveka t.d.) pr.døgn : Kr. 200.- inkl. straum.
(Kjem du torsdag og seier du vil bli til søndag i Festivalveka kan du
kjøpa deg plass for kr. 500.- for heile perioden.)
I festivalveka rekna vi med at vaktene sel billettar.
Legg elles pengane i dei to aluminiumskassane som er montert på kvar sin lyktestolpe - ein inne og ein ute i moloen.
Takk skal du ha!!