Utgangspunktet

Dette var ein god, gammaldags fiskefestival, som det var i alle båtlag. Det var fisking og moro på dagtid laurdag, og "så var det dans etterpå"!

Etter ein god del slike år tok dette til å "tære på" dugnadsviljen til mange av medlemmene - (det blei jo ofte dei samme som blei belasta frå år til år) - og vi bestemte etter kvart å "låne ut" fiskefestivalen til Halsnøy Samfunnshus sjøl om vi, ved godt ver, kunne ha ei god inntekskjelde.

Sæbøvikfestivalen

Ordet "fiske" er etter kvart blitt borte frå lysinga av noko som er blitt ein skikkeleg folkemagnet på Sæbøvik. Festivalen startar opp torsdag. Då er det Kaijazz - i regi av Halsnøy Storband i lag med Halsnøy Samfunnshus. Ulike gjesteartistar frå år til år gjer at båtfolk og andre sig mot Sæbøvik ofte frå onsdag eller torsdag morgon. Nokre kjem for å høyre musikalske perler, og andre kjem tydeleg for å få med seg den litt spesielle basaren! "-og dans etterpå".
    Ettersom Halsnøy Storband har gått inn i nokre kvileår frå 2013 av, er det ikkje fastlagt noko spesielt program den dagen lenger. Det vil nok komme opplysningar om dette i løpet av juli (festivalen er som oftast nest siste, eller siste helg i JULI!)
Fredag sig det gjerne fleir til, for då har Halsnøy Senter, med Spar og Halsnøy Trelast, gjort klar til den store rekefesten. Parkeringsplassen er dekka av telt, kvaliteten har jamt auka frå flagrande presenning til skikkelege "revytelt" og her plar ofte ca. 1000 personar benka seg - "og så er det dans etterpå"!
Laurdag er det rimeleg frukost i teltet ved Senteret og så kjem då den resten som heng igjen etter "fiske"-festivalen. Nå i regi av Halsnøy Samfunnshus og framleis får ein fiske og ha ulik underhaldning på kaien i mellomtida. Og framleis er det dans etterpå (!), nå både i Senterteltet og Samfunnshuset.

Båtlaget har nå eit anna bidrag til festivalen enn før: Tysdag og onsdag vert så mange av eigne båtplassar som mogeleg tømt, slik at vi kan tilby nokså sikker landligge for gjestebåtar, derfor er og plassleiga høgare i denne festivalveka enn til vanleg.

Foto av ei fullsett båthamn laurdag morgon 2010. Veret ser nok meir lovande ut enn det blei!